Vedtekter

                          Vedtekter for Vaksdal Båtforening:

$ 1  Namn og Organisering:

Foreningas namn er Vaksdal Båtforening og initialar er (VBF).
Vaksdal båtforening er ei ideell, frivillig forening, medlem av Kongelig Norsk Båtforbund (KNBF).

$  2  Formål:

Vaksdal Båtforenings formål er å samle båt interesserte i arbeid for å:
– skape og vedlikehalde eit godt båt miljø i sikre båthavner og opplagsplassar.
– spreie kjennskap til lokalfarvatn ved turar og fellesarrangement.
– sikre friareal og betre moglegheit for bruk av desse.
– kjempa mot forurensing av sjø og strender, spreie kunnskap om sjøvett og båt materiell.
– arrangere konkurransar som prøver deltakarens sjømannskap og materiellkvalitet.
– samarbeide med lokal og regionalt med andre foreiningar om felles oppgåver.
– samarbeide med lokale myndigheiter for å løyse oppgåver innan ramma av formålet.

$  3  Medlemskap:

Som medlem kan styre oppta ein kvar som aksepterer VBF sine Vedtekter.
Ved å betale kontingent til fastsett tid, reknast Vaksdal Båtforening sine vedtekter som akseptert.
Medlemskapet følgjer kalenderåret.
Det finnest følgjande type medlemskap.
a. Hovedmedlem. (medlem med båtplass og interesserte på venteliste for båtplass).
b. Æresmedlem.

$  4 Drift av båthamna og forvalting av båtplassar:

1. Alle som har båtplass i VBF sine anlegg, pliktar å vere medlem i foreininga.
2. Interesserte som står på venteliste for tildeling av båtplass, må vere medlem og betaler årleg medlemskontingent.
Båteigare som har fleire båtplassar i hamna, betalar eitt medlemsskap, men båtplassavgift og forsikring i høve til antall båtplassar.
3. Overføring av båtplass må meldast til styre og godkjennast av dette. ledige plassar vert tildelt etter venteliste, dersom ikkje andre forhold  tilseier noko anna.
4. Framleige av tildelte båtplass må meldast til styre, og leigetakar må vere medlem av foreininga.
5. Medlemmer med båt plassert i flytebryggjer som tilhøyrar VBF  kan fritt bruke strøm frå VBF  sitt strømutak på land, til forfallande vedlikehaldsarbeid. Ved bruk av strøm til varme i båten, skal det betalast for brukte kilowattimer (kWh). Den enkelte må skaffe seg målar, og sende oppgåve over brukte kWh. til kasserar i foreininga, etter vintersesongen er slutt, og innan utgangen av mai månad.
Styre fastsetter pris pr. kWh. basert på ca. marknadspris i tidsrommet. Ved all bruk av strøm med 230 volt spenning i VBF  sine anlegg, skal det brukast utstyr som er godkjent for slik bruk. Brudd på $ 4 punkt 5, kan medføre sanksjoner mot den enkelte sin bruk av strøm.
Er ulovleg materiell brukt i VBF  sine anlegg, vil dette bli kopla bort utan nærmare varsel.

$  5  Eksklusjon:

Medlemmer som med sin oppførsel vekker anstøyt og forarging, er til skade for foreininga,
misbruker foreiningas merke, standard eller flagg, kan styret etter gjeve varsel, ekskludere.
Eksklusjon kan ankast inn for årsmøte.

$ 6  Æresmedlemskap:

Medlemmer eller andre som har utført ein ekstraordinær innsats for foreininga,
kan etter eintydig innstilling frå styret, av årsmøte utnemnes som æresmedlemmer.

$ 7  innskot, kontingent og båtplassavgift.

Det betalast eit  innskot pr. båtplass etter storleik på plassen.
Ved større utbetringar av bryggjer skal kostnaden dekkast inn ved innskot frå plasseigarar.
Ovannemnde utbetringar skal ha eige prosjektrekneskap, som vedlegg til driftsrekneskapen.
Kontingent og avgifter omfattar:
1. Medlemskap VBF.
2. Båtplassavgift.
3. Medlemskap KNBF  (for medlemer med båtplass).
4. Forsikring i FRENDE MARINE AS.
Medlemskontingent og andre avgifter følgjer kalenderåret, og forfell til betaling etter avholdet årsmøte,
og må vere innbetalt innan utgangen av mai månad. Dersom fristen ikkje vert halde, kan styret, etter gjeve varsel,
stryke vedkommande som medlem av VBF  automatisk (passiv utmelding).
Ved passiv utmelding kan båt til medlem som ikkje har betalt kontingent og / eller andre
avgifter fjernes for eigars rekning og risiko. Innbetalt innskot tilbakebetalast med innbetalt beløp minus fordringar som VBF  har.
Deler av kontingent refunderes ikkje ved opphør medlemskap i medlemskaps perioden.
Æresmedlemmer betaler ikkje kontingent.

$ 8 Vedlikehald av VBF anlegg

VFB har ansvar for alt vedlikehald på sine anlegg, som skal dekkast av båtplassavgifta.
Den enkelte båtplasseigar har ansvar for førebygging av skade på anlegg og nærliggjande båtplassar. Dersom skade oppstår grunna mangelfull oppfølging av førenemnde, er den enkelte båtplasseigaren ansvarleg for utbetring av skade og evt. kostnader med dette.
Bryggjeanlegga skal haldast i forsvarleg stand og bør oppgraderast / utskiftast når anlegget som heilskap ikkje stettar krav til tryggleik, funksjon og/eller har minimal restlevetid.
Når eit bryggjeanlegg kan vurderast nedskrive og utslitt, kan båtplasseigarane ved gjeldane anlegg vedta utskifting. Vedtake må oppnå 2/3 fleirtal.
Dei båtplasseigarane som ikkje vil vere med på utskifting / oppgradering etter kvalifisert fleirtalsvedtak, må overlate sin plass til VBF vederlagsfritt.
Ved planlagt store utskiftingar og opprusting av bryggjeanlegga, må den enkelte båtplasseigar dekke sin del av kostnadane i samsvar med faktiske kostnader.

$ 9  Foreininga sine organ:

VBF sine administrative organ er:
1. Årsmøte (generalforsamling).
2. Styre.
4. Faste nemnder.

$ 10  Årsmøte:

Årsmøte er foreininga si øverste myndigheit og holdast kvart år innan mars månads utgang.
1. Medlemmene innkallast med minimum 14 dagers varsel ved kunngjøring i lokalavisene Vaksdal Posten og Hordaland og på
VBF si heimeside. (www.vaksdal-baatforening.no)
2. Årsmøtet skal handsame føljande saker:
a) styres årsmelding.
b) rekneskap, framlagt i revidert stand.
c) fastsette kontingent og båtplassavgift.
d) behandle innkomne føreslag. (Saker som ønskes behandla på årsmøte må være styre i hende 1. veke før årsmøte.
Styre handsamer innkomne føreslag og legg fram begrunna føreslag til vedtak for årsmøte.
e) Foreta val på:
1. Leier
2. 4 styremedlemmer og 2 vara medlemmer.
Leier veljast ved særskilt val for 1 år, styremedlemmer veljast for 2 år, soleis at det kvart år ikkje slutter
meir enn 2 styremedlemmer. 2 vara medlemmer til styre veljast for eit år.
3. valnemnd på 3 medlemmer.
4. revisor.
5. andre nemnder og tillitsmenn (som slippnemd, aktivitetsnemnd og bryggeformann med personleg varamann for kvar bryggje).
f) Årsmøte er vedtaksdyktig når innkallinga er i samsvar med punkt 1. i $ 10.
g) Vedtak vert avgjort med alminneleg fleirtal med mindre vedtektene bestemmer annleis.
Ved stemme jamvekt er eit forslag å anse som forkasta. For å bli valt må ein kandidat ha halvparten av dei av gjevne stemmer, om ikkje haldast omval mellom dei 2 kandidatar som har oppnådd flest stemmer.

$  11  Styret:

a)VBF leiast av eit styre som består av leier og 4 styremedlemmer.
b) Styret har 2 varamedlemmer som vert innkalla ti alle styremøter.
c) Styre har sitt sete i Vaksdal Kommune, adresse: Postboks 8. 5724 Stanghelle.
d) Styre har den administrative myndigheit, representerert foreininga utad, føretek alle løypande forretningar,
innkallar til møter og varetek foreininga sin økonomi og behov.
e) Styre tilset og avskjedar foreiningas funksjonærar, bestemmer lønn og fastsetter dei naudsynte stillingsinstruksar.
f) Styre peikar ut dei nemnder og utval som  er naudsunt for å løyse bestemte oppgåver,
med mindre desse vert valgt av årsmøte.
g) Styre bestemmer i samarbeid med dei arrangerande nemnder når,
kvar og innan kvaslags rame dei ulike arrangementa i foreninga sin regi skal avhaldas.
h) Styre held møte så ofte som dei finn dette naudsynt og skal framlegga for det ordinære årsmøte,
melding om foreininga sine gjeremål og revidert rekneskap.
i) Styre er vedtaksfør når leiar og minst 2 styremedlemmer er tilstade.
j) Styreleiar åleine har signatur fullmakt.
k) Kaserar har prokura fullmakt.

$ 12  Faste nemnder:

Føljande faste nemnder sorterer under styret:
a) Slippnemnd.
b) Valnemnd.
c) Aktivitetsnemnd.
d) Bryggeformenn.
Nemdene skal innand februar månads utgang sende sin årlege rapport til styre som tar rapporten med i si innstiling gjennom styre, til årsmøte.

$ 13  Ekstraordinært årsmøte:

Styre kan når det finner det naudsynt, eller når minst 1/5 av medlemmene forlangar det,
med skriftleg fastsetjing av kva saker som ein ønskjer handsama, innkalla til ekstraordinært årsmøte.

$ 14   VBFs logo og standard:

1.Foreiningas logo er ein gul livbøye på blå botn med 1979 i senter (stiftelseåret).
2. Foreiningas standard er ein vimpel 46 x 24 cm. av marineblå farge og med initialane VBF i gull. Vimpel førast på flaggspill eller mastetopp.

$ 15  Innmelding eller  utmelding av ein krets, eit forbund eller samanslutning med ei anna foreining: 

Innmelding eller utmelding av ein krets, eit forbund eller samanslutning med ein anna foreining
må handsamast av årsmøte og kan berre vedtakast med 2/3 fleirtal.

$ 16  Vedtektsendringar:

Framlegg til endringar av desse vedtekter, skal leggjast fram for årsmøte gjennom styre med normal frist. Vedtak fattast i årsmøte med 2/3 fleirtal.

$ 17  Oppløysing:

Oppløysing av Vaksdal Båtforening kan berre skje ved at:
1. Framlegg om oppløysing skal handsamast på ordinært årsmøte og vedteke fremma som sak på ekstraordinært årsmøte.
2. Endeleg vedtak om oppløysing skal handsamast på ekstraordinært årsmøte og treng 2/3 fleirtal for å verte oppløyst.
3. Eventuell kapital og driftsmidlar vert å overføra til Redningsselskapet.

§ 18 Personvern:

Vaksdal Båtforening registrerer følgande personopplysinger om sine medlemmer:

Namn, adresse, mobilnummer, e-post-adresse og båtplass, og deler disse person-opplysningar med medlemer, som oppslag på klubbhuset og på heimeside. www.vaksdal-baatforening.no

Opplysningane deles og med Kongelig Norsk Båtforbund, heretter be nemnt KNBF. (Her kan man viss man ønsker, bare dele adresse-informasjonen med KNBF, da dette er minimum KNBF må ha registrert) Dette gjørast for at Vaksdal Båtforening skal kunne bruke KNBF`s web-basert hamneadministrasjon og medlemssystem, slik at medlemmer kan få tildelt medlems-nummer og dra nytte av alle KNBF sine medlemsfordeler.

Dersom det ikkje er ønskeleg at personopplysinger deles, må dette meldes skriftleg ifrå til    Vaksdal Båtforening